Fritidscamp Herøy

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, Herøy Kommune Kulturavdelinga, Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb og Barnas Turlag Herøy har gleda av å presentere:

FRITIDSCAMP HERØY!

 

Fritidscamp Herøy er eit tilbod for born i alderen 6 til 12 år. Er borna dine eller nokon du kjenner glade i å bade og har lyst å opphalde seg ei veke saman med andre jamaldringar og ansvarlege vaksne? Då må du melde dei på Fritidscamp Herøy. Dette blir ei veke fullstappa med moro frå morgon til ettermiddag. Borna vil oppleve mykje kjekt, og samstundes lære mykje. Borna vil lære å bli trygg i vatn, ulike symje- og stupeteknikkar og livredning. Vi vil også finne på mykje anna gøy, som for eksempel fjellturar, skattejakt, kino, brettspel og funballz. Vi vil opphalde oss på Sunnmørsbadet Fosnavåg AS, Fritidsklubben eller utandørs. 

 

Når: Veke 32 (6.august - 10.august) og veke 33 (13.august-17.august). Du kan velje begge vekene eller berre ei veke. Vi har også moglegheit for å melde på enkelte dagar dersom det skulle vere behov for det. 

Tid: 09.00 – 15.00

Pris: kr 1500,- per veke eller kr 500,- per dag. Det blir gitt syskenmoderasjon.

Prisen inkluderer symjetrening, fyrstehjelp- og livredningskurs, ulike aktiviteter, kinobillett og mat.

 

Det vil bli enkel servering av mat og frukt. Gjerne ta med drikkeflaske. 

 

Påmelding:

Ta kontakt anten på e-post: post@sunnmorsbadet.no

Eller via melding: 905 62 840.

Merk e-posten eller meldinga med antal påmelde, namn til påmelde , alder til påmelde og vekenummer for påmelding. (eventuelt dag). Dersom du har spørsmål er det berre å sende e-post eller melding.