top of page

BADEREGLAR

Det skal vere trygt å besøke oss.
Alle besøkande må difor følgje
retningslinene våre. 

Før ein går inn i symjehallen skal alle dusje utan klede, og hår og kropp skal vaskast med såpe. 
 

Gjer som Reinert - dusj naken!

BADEREGLAR OG SIKKERHEIT

RETNINGSLINJER

Det skal vere trygt å besøke oss.
Alle besøkande må difor følgje retningslinjene våre:

  • Bading skjer på eige ansvar.

  • Det er fotoforbod i heile anlegget.

  • Alle born som kjem åleine må vere symjedyktige. Bornet må kunne symje minst 200 meter. Kan ikkje bornet det, må det vere i følgje med ein badande og symjedyktig person over 18 år som passar på.

  • Ta omsyn til dei andre badande.

  • Det er ikkje lov å bruke dykkermaske i bassenget.  (Gjeld ikkje dykkermaske med glass av plastikk.)

  • Det er ikkje lov å springe.

  • Det er ikkje lov til å skubbe andre, eller drage andre under vatn.

  • Det er ikkje lov med mat, drikke eller tyggegummi ute i bassenga.
    Det er ikke lov å ha med eigen mat i kafeane. Unntak for bornemat. 

  • Det er forbode med all bruk av tobakk, snus og alkohol.

  • Alle besøkande skal rette seg etter det badevakter og instruktørar seier. 

  • Brot på reglane, eller uakseptabel åtferd kan føre til bortvising.

 

HYGIENE

  • Før ein går inn i symjehallen skal alle dusje utan klede, og hår og kropp skal vaskast med såpe.

  • Det er ikkje lov med undertøy under badekleda.

  • Personar med smittsame sjukdomar, opne sår, bandasjer/plaster skal ikkje vere i bassenga.

  • Det er forbode å  barbere seg i dusj/garderobe.

  • Alle badande må nytte badetøy.

bottom of page