Betalingsarmband

Armbandet gjer besøket i badet og garderobene enklare og tryggare.

Du låser skapet ved å late igjen døra og halde armbandet inn til lesaren medan han tel ned. Når skapet skal låsast opp, berre held du armbandet inn til lesaren igjen.

Ved enkeltbesøk, leverer du armbandet i lesaren ved utgangen. Om du har klippekort eller årskort, så kjøper du armband for 100 kroner. Då er armbandet ein personleg eigedel.

Levetida til slike armband skal vere på to til fire år. Dersom det oppstår elektroniske feil i perioden, vert det erstatta. Det vert ikkje erstatta ved tap eller hærverk.

Ved kredittbruk av armbandet skal skuldig beløp betalast før ein forlet anlegget.