Innsåping - Dusj - Bad - Dusj

Problem med klorlukt etter eit besøk i bassenget? Sjølv om du vaskar deg grundig etterpå? Du kan få vekk lukta. Men DU må gjere det.

Ikon
1: Vask kropp og hår godt med såpe.
Ikon
2: Få vekk all såpa før du går i bassenget. Det er viktig fordi klor går til angrep på bakteriar og såperestar, og på ein rein kropp er det lite å angripe.
Ikon
3: No er du klar for bassenget!
Ikon
4: Etter badinga vaskar du deg i reint vatn før du bruker såpe igjen. Såpe på klorvatn skaper klorlukt.
Ikon
5: No er du fri for klorlukt!