Smitteverntiltak

                                                                                                                                    

Kjære gjestar         
                                                                                   
Hurra! Vi  har vi fått klarsignal frå myndigheitene om at vi endeleg kan opne for badeglade-gjestar i Sunnmørsbadet.
For å hindre smittespreiing, må de som gjest følgje desse smittevernreglane:

  • Du skal ikkje besøke Sunnmørsbadet dersom du er forkjøla, har feber eller har andre symptom på Covid-19.
  • Husk å halde 1 meter avstand til andre besøkande i heile anlegget.
  • God hygiene er viktig! Vask hendene grundig før og etter toalettbesøk.

Inngang/utgang

  • Alle besøkande må desinfisere hender på antibac-stasjonen ved inngangen.
  • Vi oppfordra alle til å bruke kontaktløs betaling i resepsjonen.
  • Ver venleg og ikkje ta på varer du ikkje skal kjøpe.

 

Dusj og garderobe

  • Alle skal dusje utan klede og bruke såpe før de går inn i symjehallen.
  • Alle må halde 1 meter avstand frå andre gjestar både i dusj- og garderobene.
  • HC-garderobene skal berre nyttast av ein person/kohort i gongen. Her må de vente på tur!


I symjehallen

  • Det kan sitje maks 4 personar i boblebadet og i badstova.
  • Vi lånar ikkje ut symjebriller, armringar eller anna utstyr.
  • Kun ein person i skliene og på stupetårna om gongen. Hugs å halde 1 meter avstand!
  • Vi oppfordra alle til å ta med eigen handduk til å sitje på i badstova.

 

Servering

  • Vi har plassert antibac-stasjonar i kafeen (både tørr og våt sone), som alle bør nytte både før og etter måltid.
  • Bord og stolar skal ikkje flyttast på.
  • Bord og stolar skal ikkje reserverast. (Ikkje legg frå deg handkle etc. når de ikkje skal ete.)



 

 

Vi har montert plexiglas i resepsjonen for å beskytte våre medarbeidarar for evt. smitte.

Vi har hengt opp plakatar med informasjon rundt omkring i anlegget.

Vi har stort fokus på reinhald, og har satt inn ekstra bemanning på jobb som skal vaske alle overflater, kontaktpunkt, dusj og garderober jamleg.

Tusen takk for at du overheld våre smittevernreglar, saman held vi oss friske og spreke!

 Velkomen til Sunnmørsbadet.

Sommar-sol.png