Babysymjing

Babysymjing er ein aktivitet der foreldre og barn deltar aktivt saman i bassenget. Korleis barnet opplev sine fyrste møter med vatn er avgjerande for barnets tryggheit og glede i vatnet resten av livet. På babysymjing vil du få veiledning om korleis barnet sitt fyrste møte med vatn bør gjennomførast.

Kurset går ut på enkle pedagogiske øvelsar med sang og leik, som brukast for at barnet skal bli kjent med vatnet. 

Å bevege seg i vatnet er gunstig for barnets kroppsfølelse, motorikk og balanse. Her kan barnet bevege armar og bein på ein annan måte enn når det for eksempel ligg på gulvet. Mange musklar aktiviserast, og opplevelsane i vatnet gir barnet mange nye sanseopplevelsar.

Kurset blir heldt av vår instruktør som er spesialutdanna, og har god kunnskap om babysymjing.
Det er viktig å ta seg god tid til kurset, då dette skal vere ein bedageleg aktivitet for barn og foreldre. Dette er sosialt, og ein flott aktivitet for barna å lære og bli glade og trygge i vatnet.

Kurset går over 30 minutt i velværebassenget, og gruppene blir delt opp frå 2-6 månedar og 7-15 månedar. Her kan begge foreldra bli med, men dessverre ikkje sysken o.l.
Pris: 1500 kr,- for 10 gongar.