BADEREGLAR

Det skal vere trygt å besøke oss.
Alle besøkande må difor følgje
retningslinene våre.
Før ein går inn i symjehallen skal alle dusje utan klede, og hår og kropp skal vaskast med såpe.
Gjer som Reinert - dusj naken!
BADEREGLAR OG SIKKERHEIT
RETNINGSLINJER
Det skal vere trygt å besøke oss.
Alle besøkande må difor følgje retningslinjene våre:
-
Bading skjer på eige ansvar.
-
Det er fotoforbod i heile anlegget.
-
Alle born som kjem åleine må vere symjedyktige. Dersom bornet ikkje er symjedyktig, må det vere i følgje med ein badande og symjedyktig person over 18 år som passar på.
-
Ta omsyn til dei andre badande.
-
Det er ikkje lov å bruke dykkermaske i bassenget. (Gjeld ikkje dykkermaske med glass av plastikk.)
-
Det er ikkje lov å springe.
-
Det er ikkje lov til å skubbe andre, eller drage andre under vatn.
-
Det er ikkje lov med mat, drikke eller tyggegummi ute i bassenga.
Det er ikke lov å ha med eigen mat i kafeane. Unntak for bornemat. -
Det er forbode med all bruk av tobakk, snus og alkohol.
-
Alle besøkande skal rette seg etter det badevakter og instruktørar seier.
-
Brot på reglane, eller uakseptabel åtferd kan føre til bortvising.
HYGIENE
-
Før ein går inn i symjehallen skal alle dusje utan klede, og hår og kropp skal vaskast med såpe.
-
Det er ikkje lov med undertøy under badekleda.
-
Personar med smittsame sjukdomar, opne sår, bandasjer/plaster skal ikkje vere i bassenga.
-
Det er forbode å barbere seg i dusj/garderobe.
-
Alle badande må nytte badetøy.