top of page

OM  SUNNMØRSBADET

På Sunnmørsbadet er badeentusiastar i alle aldre velkomne! Her har vi noko for alle, anten du vil symje langt, ta imponerande stup, få adrenalinkick eller rett og slett berre kose deg.

Vi har alt på ein plass. Med eit stort konkurransebasseng, barnebasseng, boblebad, sklier, kafé og sydentemperaturar har vi alt badeglade gjestar kan ønskje seg. Du finn oss ein liten ferge- og biltur frå Ålesund, i Fosnavåg. Og du? Vi har mange parkeringsplassar samt ladestasjonar til el-bil. 

KONTAKTINFORMASJON

Postadresse

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS
Lisjebøvegen 10B
6091 Fosnavåg


Telefon
+47 70 08 05 70

 

Organisasjonsnummer
977 165 091


E-post
post@sunnmorsbadet.no

Dagleg leiar

Karl-Petter Sortehaug

166,_Sunnmørsbadet_dag_2-17.jpg
HISTORIA OM BADELANDET I HAVGAPET

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS har utgangspunkt i Herøy varmtvassbasseng AS som vart stifta i 1996. Herøy varmtvassbasseng opna i 2004. Der var varmtvassbasseng med offentleg bading, skulebading, terapibad og symjekurs.
 

Med åra kom det behov for renovering og då kom også tanken om utviding, skape eit badeanlegg for heile regionen og eit badeanlegg som ville vere med på å bidra til bulyst.

I mars 2015 sto det nye anlegget ferdig. Vel 250 millionar kroner har gitt Nordvestlandet eit badeanlegg med 6400 kvadratmeter fordelt på fem basseng, stupetårn og action, velvere og avslapping.

Sunnmørsbadet er i dag eigd av Herøy Kommune, Herøy Sanitetsforening, Herøy Revmatikerforening, Olympic Shipping og Havila AS.

bottom of page