top of page

RETNINGSLINER FOR PERSONVERN

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa fortel om korleis vi på sunnmorsbadet.no behandlar dine personopplysningar. All behandling av personopplysningar skjer ihht. personopplysningslova.

 

1. Kontaktinformasjon til sunnmorsbadet.no

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS  som står bak sunnmorsbadet.no er behandlingsansvarleg for behandling av dine personopplysningar.


Sunnmørsbadet Fosnavåg AS
Lisjebøvegen 10 A
6091 Fosnavåg
Org.nr: 977 165 091

 

E-postadresse: post@sunnmorsbadet.no

 

2. Formålet med behandlinga av personopplysningane?

  • Påmelding til kurs og bestilling av arrangement

  • For å videreutvikle og forbetre funksjonaliteten på nettsida vår

  • For å videreutvikle og forbetre tenestane våre


Vi behandlar berre personopplysningene frå deg i den grad det foreligger rettsleg grunnlag for behandlinga og behandlinga er naudsynt for å oppfylle det eller dei formål som opplysningane er samla inn for.

 

Manglande informasjon frå deg, kan bety at vi ikkje er i stand til å tilby deg forespurte produkt eller tenestar.

 

3. Kva slags informasjon samlar vi inn?

Personopplysningene vi samlar inn og behandlar kan vere (men er ikkje begrensa til):

  • Namn

  • E-postadresse

  • Telefonnummer

  • Adresse

  • Dei kjøp du gjer

 

I tillegg samler vi inn informasjon om kva for spesifikke sider du besøker hjå oss, og kva for maskinvare og programvare du brukar. Det er fleire selskap som bidrar med å behandle personopplysningane. Etter personopplysningslova er slike selskap databehandlarar og behandlar opplysningar i henhold til databehandleravtalar.

 

Følgende selskap er sentrale når dine opplysningar behandlast:

 

Google Analytics: Vi samlar inn statistikk om korleis nettsida vårt blir brukt, slik at vi veit kva sider vi ønskjer å optimalisere, og kva for sider som kan forbetrast eller slettast. Google Analytics brukar cookies som starter med _ga, _gid og _gat. Vi har skrudd på funksjonen «anonymizeIP», slik at IP-adressen din ikkje blir lagra hjå Google.

 

Wix:  For drift av nettsida og underliggende datasystem, samt innsamling av data via påmeldingsskjema for kurs og arrangement.

 

4. Informasjonskapslar (cookies)

Cookies er små tekstfiler som plasserast på di einheit når du lastar ned ei nettside. Ved å bruke nettsida vår samtykkar du i at det blir lagt cookies i nettlesaren din, ettersom dei fleste nettlesarane automatisk aksepterar cookies.

 

 Cookiene vi brukar er:

  • Nødvendige: For å sikre at sida faktisk fungerar som den skal, og av sikkerhetsmessige årsaker.

  • Funksjonelle: For å sikre brukaropplevinga di, og for at påmelding til kurs og andre tenestar skal kunne skje. 

Viss du ikkje vil akseptere bruken av cookies, kan du endre innstillingane i nettlesaren. Merk at det kan bety at nettsida og tenestane våre ikkje fungerar optimalt. På nettvett.no ser du korleis du gjer det.

 

5. Kor lenge er opplysningane lagra?

Vi behandlar personopplysningane berre så lenge det tar å oppfylle formålet med innsamlinga. Etterpå slettar vi informasjonen.

 

6. Kven kan informasjonen delast med?

Oppgitte opplysningar vil vere tilgjengelege for eit begrenset antal personar i verksemda som jobbar på Sunnmørsbadet Fosnavåg As, og for eventuelle tredjepartar i den grad det er nødvendig for å oppfylle formåla nemt over. Vi kan til dømes bruke ein leverandør til å utføre tenestar for oss eller på vegne av oss.

 

Vi sel ikkje dine personopplysningar til tredjeparter. 

 

Elles kan vi oppgje opplysningane dine når det er pålagt ved lov eller når det er nødvendig for å beskytte rettigheitane eller sikkerheiten til selskapet, kundane eller allmennheita. Vi kan til dømes gje opplysningane dine til myndigheitene av sikkerheitsomsyn.

 

Opplysningane lagrast i Noreg og i land Europakommisjonen har anerkjent har tilstrekkelig nivå for vern av personopplysningar. 

 

7. Andre formål

Dersom vi ønskjer å bruke personopplysningane dine til andre formål enn det dei er samla inn for, ber vi om samtykke frå deg. 

 

8. Dine rettigheitar til  innsyn, sletting og eventuelt flytting

Du har rett til å få informasjon om kva for opplysningar vi har om deg. Du kan også kreve at vi rettar opp i feilaktige opplysningar eller slettar informasjonen din. Ønskjer du innsyn, eller vil at noko skal slettast eller rettast på, tar du kontakt på e-postadressa vår: post@sunnmorsbadet.no

Du har også rett til å klage til Datatilsynet over behandlingen vår av personopplysningane dine. 

bottom of page