Bursdagsfeiring, kl.18-20
Bursdagsfeiring i ekte Sunnmørsbadet-stil med hopp og sprell.
Tjenestebeskrivelse
Vi tilbyr ei morosam bursdagsfeiring hos oss. Vi byr på mat og drikke og alle badeaktivitetar i to timar. Vi arrangerer skliekonkurranse til alle som ønskjer det! Kanskje nokon vinn ein liten premie? For 250 kroner per gjest får barna tilgang til heile badeanlegget i tillegg til mat. Minsteantall for bestilling: 7 personar. Meny: pølse med brød, pølse med chips, nuggets med chips eller 160 grams hamburger. Drikke: Valfri 0,5 liter brus. Is: Pinneis eller kroneis. (Vi har glutenfri meny). Barneselskap vert arrangert på måndag,tysdag,torsdag- og fredagar. Vi ønskjer helst at alle bursdagsgjestane vel same meny, med mindre nokon har allergiar. Selskapet må bestillast minst 1 veke på førehand. Me stiller med bursdagsvert som serverer maten i våtkafèen. De kan ikkje ta med medbrakt mat. Foreldra til bursdagsbarnet får vere med gratis inn.
Kontaktinformasjon
+47 70 08 05 70
post@sunnmorsbadet.no
Lisjebøvegen 10B, Fosnavåg, Norge

