Innhald i badet


Ikon
1 KONKURRANSEBASSENG: Skal du symje og trene, så er konkurransebassenget plassen. Det er 25 meter langt og godkjent for konkurransar. Vatnet er 28 grader og djupna frå 1,3 til 3,8 meter.
Ikon
2 BØLGEBASSENG: Basseng der du kan utfordre fire ulike typar bølgjer, både på grunna og djupare vatn. Bølgebassenget går frå null til 1,60 meter djupne og vatnet i dette bassenget er 30 grader.
Ikon
3 VELVEREBASSENG : 32 grader varme og roleg stemning med lys i vatnet og massasjedyser innfelt i bassengveggane.
Ikon
4 STRAUMKANAL: Bølgebassenget har også straumkanal der du kan drive av garde med straumen – eller utfordre kreftene med å symje mot straumen.
Ikon
5 STUPETÅRN: Stup frå ein og tre meter skjer frå sviktbrett. Klatrar du opp på fem-metaren, er det stupetårn.
Ikon
6 PLAY & SPRAY: På det grunnaste i bølgebassenget er det i tillegg ulike fontener som barna kan leike med å krype under.
Ikon
7 BOBLEBAD: Meir massasje er det å få i boblebadet som har 38 grader varmt vatn og forskjellige boblevariantar.
Ikon
8 BARNELAGUNE: Dei minste barna vil også ha det fint og trygt i barnelaguna som er 40 centimeter djup og med vatn som held 32 grader. Barnelaguna har også forskjellige attraksjonar som skaper liv og vatn som sprutar.
Ikon
9 SKLIER: Sunnmørsbadet har to sklier. Ei barnesklie på 30 meter og ei større sklie som er 56 meter lang med tidtaking. Kven tek rekorden?
Ikon
10 STEAMBAD : Her er det berre å senke skuldrane. Steamvarme med terapibelysning og velluktande oljar i lufta.
Ikon
11 BADSTUE: Endå varmare og meir dampande kan du få det i den nye badstua.
Ikon
12 KAFE: Svolten av badinga? Vi har kafe med mat og drikke både ved resepsjonen og bassenga. Kafeen har mellom anna baguettar og salatar i tillegg til varmmat som fish&chips, hamburger og pølser. Kafeen har også glutenfri meny.
Ikon
13 BADEBUTIKK: Arena swim shop i Sunnmørsbadet. Her kan du kjøpe diverse badeutstyr, badeklede, handduk, såpe med meir.
Ikon
14 FUNBALLZ: I periodar som skuleferiar og langhelgar set vi ut funballz i konkurransebassenget.
Ikon
15 WIBIT: I periodar som skuleferiar og langhelgar monterer vi opp klatrefjell i konkurransebassenget.