Sunnmmørsbadet Fosnavåg

Sunnmørsbadet Fosnavåg AS har utgangspunkt i Herøy varmtvassbasseng AS som vart stifta i 1996. Herøy varmtvassbasseng opna i 2004. Der var varmtvassbasseng med offentleg bading, skulebading, terapibad og symjekurs.

Med åra kom det behov for renovering og då kom også tanken om utviding, skape eit badeanlegg for heile regionen og eit badeanlegg som ville vere med på å bidra til bulyst.

I mars 2015 sto det nye anlegget ferdig. Vel 250 millionar kroner har gitt Nordvestlandet eit badeanlegg med 6400 kvadratmeter fordelt på fem basseng, stupetårn og action, velvere og avslapping.

Sunnmørsbadet er i dag eigd av Herøy kommune, Herøy Sanitetsforening, Herøy Revmatikerforening, Olympic shipping og Havila AS.